





Begrenset arkitekt -og anbudskonkurranse
Samarbeidspartnere: BGO arkitekter AS, Heimdal Entreprenør, Myklebust AS og TechnoConsult Møre
Oppdragsgiver: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Areal: ca 10.000 m2
Oppgåva består i å utforme ei felles løysing for Eid vidaregåande skule og nytt kulturhus for kommunen.
Vi har lagt vekt på at det ferdige skule- og kulturbygget skal framstå som eitt samla anlegg, samstundes som dei to hovudfunksjonane – skulen og kulturhuset – har kvar sin identitet. Utvidinga av skulen skal skje slik at eksisterande og nye bygg framstår med ein heilskapleg karakter. Kulturhuset skal fronte anlegget ut mot bygda, og markere si rolle som lokalt kulturelt samlingspunkt.
Alle inngangane leiar inn til ein langstrakt vrimlehall i aust-vest-retning, som knyter saman alle dei ulike bygningsfløyene. Vrimlehallen deler anlegget i dei to hovudfunksjonane - dei reine skulefunksjonane ligg nord for vrimlehallen, felles-/kulturfunksjonane ligg på sørsida. Kulturfunksjonane vender ut mot bygda, det er desse bygningane ein møter når ein kjem gåande frå sentrum.
I aust-enden opnar vrimlehallen seg ned til eit nedre plan, som gir inngang frå tilkomstplassen for enden av brua over Fargarelva. Mot vest opnar hallen seg mot utsikta mot fjorden.
Dei nye skulefløyene fortset planmønsteret frå dei eksisterande bygningane, medan bygningsvoluma for kulturhus- og fellesfunksjonar er gitt andre former og retningar, for å understreke dei to hovudfunksjonane i anlegget.
Copyright © 2009 Medplan AS arkitekter
Sist oppdatert 2009.2.20.